
Best of the Beatles – Det Betales
Her får du servert dei beste låtane frå The Beatles!
Det Betales frå Drammen har hylla The Beatles i over 50 år, og fyller no kulturhus og scener over heile landet med konsertane sine.
Bandet har også spelt meir enn 50 konsertar på The Cavern Club i Liverpool, og vart kåra av The Beatles-manager Alan Williams til «The best Beatles tribute band in the world». Ikkje fordi dei liknar originalane i utsjånad, men fordi dei har musikalitet, humor, energi og ekte kjærleik til musikken.
Medlemmer:
Rolf Øyvind Hæg, trommer
Erik Damberg, bass
Håvard Caspersen, gitar
Joachim Olsen, vokal og perkusjon
James Henry, keyboard, gitar og vokal
Tor Henning Olsen, gitar og vokal
Nettside: betales.no
___
Mat før framsyninga: Informasjon om eventuell showmeny kjem snart.
Varigheit: Ca 90 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.