Før du går – Odd Nordstoga

Før du går – Odd Nordstoga

Odd Nordstoga er ein av dei aller største låtskrivarane i sin generasjon. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 nådd inn i hjarta til folk og blitt verande der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å dansa, og han får oss til å gråta. Med vemodet i den eine handa og musikkgleda i den andre, lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.

Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Derfor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har tatt han til seg, i høgtid som til fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, enten han står aleine, med fullt band, saman med gjester eller løfta av strykarar. 

Odd har blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han drar ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. No er han aktuell med ny, strålande musikk. I samband med eit rykande ferskt album som kom i haust, tar han med seg det glimrande bandet sitt til Oseana 21. januar.

 ___ 

Varigheit: Ca 75 minutt

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.