
Koht, Håp og Glede – Christine Koht
Det vi treng no, er fargar, glede og takknemlegheit.
Christine Koht er tilbake på scena – i levande live! Det var det ikkje mange som trudde skulle skje, men her er ho, full av livskraft og livserfaring. Ho har reist seg att og deler no raust av innsikt, humor og erfaringar frå ei heilt ekstraordinær livsreise. Dette er Christine Koht slik vi kjenner henne – varm, ellevill og med meir livsglede enn nokon gong.
– Vi er sterkare enn vi trur, seier Christine. Og merkelegare og morosamare. Kraft og eventyr kan vi finne overalt, også innestengde på eit lite sjukerom i månadsvis. Det kan vere overraskande kjekt der òg, i alle fall dersom du er saman med Christine.
Christine Koht har fått den største gåva eit menneske kan få – sjølve livet. No ønskjer ho å gje tilbake alt ho kan av energi, livsglede og takknemlegheit.
– Dette showet er mi hyllest til dykk i helsevesenet, seier Christine. Det er eit fargerikt vekkjingsmøte fylt med humor, varme og takknemlegheit. Eg har fått den største gåva som finst – sjølve livet. Mange trur at eg overlevde på grunn av det gode humøret mitt, og det er jo hyggeleg. Men det skuldast først og fremst ei heilt utruleg imponerande behandling.
– Det var dette eg drøymde om medan eg låg innestengd på eit lite, beige sjukerom i 16 månader – å få kome tilbake og takke. Og det er ingen eg har meir lyst til å takke og heidre enn dykk. Det er mykje som kjennest mørkt og tungt for tida. Difor treng vi no meir enn nokon gong Koht, håp og glede. Eg kan love dykk ei uforgløymeleg oppleving i haustmørkret.
Ho gler seg – og det kan du òg!
___
Varigheit: Ca 75 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.