Hvis Gud Vil – en standupforestilling av Galvan Mehidi

Hvis Gud Vil – en standupforestilling av Galvan Mehidi

Etter braksuksessen med «Et takkebrev til Saddam», med over 45 000 publikummarar over heile landet, er komikar Galvan Mehidi tilbake med ei heilt ny standupframsyning.

«Jeg føler at det eneste jeg kan tenke i tider som dette, er: Hvis Gud vil», seier han.

«Et takkebrev til Saddam» blei raskt ein av dei største humorsuksessane i nyare tid, og begeistra både kritikarar og publikum over heile landet. Med framsyninga har Mehidi etablert seg som ein føregangsfigur innan norsk standup:

«I norsk standups gullalder står Galvan Mehidi, Jonis Josef og nå Martha Leivestad helt fremst i manesjen. For en tid!» (NRK, terningkast 6).

Galvan Mehidi er komikar, programleiar og manusforfattar, og har dei siste åra markert seg som ei av dei viktigaste stemmene innan norsk humor. For berre få år sidan tok han steget inn i standup, og har raskt blitt ein av dei mest aktive komikarane på scenene i Oslo og elles i landet.

––––– 

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt
( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.