Os Senioruniversitet: Anders Lekven om romfartseksperten Alfred Lunde

Os Senioruniversitet: Anders Lekven om romfartseksperten Alfred Lunde

Osingen Alfred Lunde – var ein viktig aktør i amerikansk romfart.
Foredraget til Anders Lekven vil ha fokus på den første epoken i romfartsalderen, der USA og Sovjetunionen knivar om hegemoniet.

I foredraget vil Anders Lekven belyse dei viktigaste milepålane i pionertida i amerikansk romfarts historie; frå Apolloprogrammet til romstasjonen Skylab, romferjeprogrammet og romteleskopet Hubble. Vi får høyre kva rolle Alfred Lunde spela i desse store prosjekta og kvifor han fekk fridomsmedaljen av President Richard Nixon – den høgste sivile utmerkinga i USA. Avslutningsvis vil vi få høyre kva innsatsen hans fekk å seie i Noreg og Os, og kva planar det no er for å heidra minnet og ettermælet hans i heimbygda.

Senioruniversitetet ønskjer nye og gamle «studentar» hjarteleg velkomne til denne forelesinga som vil strekkje seg frå småbruket på Lunde til dei første fottrinna på månen.