Os Senioruniversitet: Arne Mæland, skulpturkunstnaren i Os

Os Senioruniversitet: Arne Mæland, skulpturkunstnaren i Os

Mæland er ein kjend, kjær og nokre gongar omstridd kunstnar busett i Solbakken på Os. Her har han skapt og forma eit utal bronseskulpturar til ulike føremål for by og bygd. Han er initiativtakar og kunstnarleg kontakt til Skulptur-symposiet som blir halde på Os annakvart år. Han kjem opphaveleg frå Etne, tok lærarutdanningog og arbeidde som lærar i bortimot 20 år. I dag er Arne Mæland kunstnar på heiltid. Han har lært av professorar og skulptørar frå Romania og Italia. Han har veksla mellom ulike uttrykksformer: maleri, akvarell og skulptur, men driv no nesten berre med skulpturar. Oppdraga får han både frå private og frå det offentlege i Noreg og i utlandet. Av dei mest kjende skulpturane er: "Uteliggaren", "Livet, leiken og draumane", "Tekstilarbeidarmonumentet" i Dale, minnesmerka etter Sleipnerulykka og helikopterulykka på Turøy. Arne Mæland har hatt utstillingar over heile verda, m.a. i Paris og New York. Her på Os kan vi sjå ein del av kunsten hans i Skulpturparken og i Galleri Solbakken.

Arne avsluttar med å "ta oss med" på ei skulpturvandring. Rundt om i Os er det plassert mange skulpturar laga av ulike kunstnarar frå heile verda. Desse får vi sjå bilete av og høyra litt om.

Semesterkort (fri inngang).
Førehandssal og billettsal i døra, 100,-

Mæland er ein kjend, kjær og nokre gongar omstridd kunstnar busett i Solbakken på Os. Her har han skapt og forma eit utal bronseskulpturar til ulike føremål for by og bygd. Han er initiativtakar og kunstnarleg kontakt til Skulptur-symposiet som blir halde på Os annakvart år. Han kjem opphaveleg frå Etne, tok lærarutdanningog og arbeidde som lærar i bortimot 20 år. I dag er Arne Mæland kunstnar på heiltid. Han har lært av professorar og skulptørar frå Romania og Italia. Han har veksla mellom ulike uttrykksformer: maleri, akvarell og skulptur, men driv no nesten berre med skulpturar. Oppdraga får han både frå private og frå det offentlege i Noreg og i utlandet. Av dei mest kjende skulpturane er: «Uteliggaren», «Livet, leiken og draumane», «Tekstilarbeidarmonumentet» i Dale, minnesmerka etter Sleipnerulykka og helikopterulykka på Turøy. Arne Mæland har hatt utstillingar over heile verda, m.a. i Paris og New York. Her på Os kan vi sjå ein del av kunsten hans i Skulpturparken og i Galleri Solbakken. 

Arne avsluttar med å «ta oss med» på ei skulpturvandring. Rundt om i Os er det plassert mange skulpturar laga av ulike kunstnarar frå heile verda. Desse får vi sjå bilete av og høyra litt om.