Os Senioruniversitet: Eva Røyrane: Av stein, bygningar og gjerdar

Os Senioruniversitet: Eva Røyrane: Av stein, bygningar og gjerdar

Gråsteinen var gull verd i bonden sitt landskap. Steinen var spadd opp av jorda, henta i ura eller sprengd ut or fjellet, og det vart reist milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus. I dag står dei gamle murane og fortel historie: om levemåten den gongen då stein var ein av få ressursar mange bønder hadde rikeleg av. I boka «Av stein» dokumenterer forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth vakre byggverk og tunge tak. Boka viser at dugande hand-verkarar fekk reist mange murar sjølv om steinen var alt anna enn samarbeidsvillig. Eva Røyrane kjem til Os Senioruniversitet for å fortelja om og frå denne boka.

Foredraget hennar gjer oss kjende med steingarden, bakkemuren, steinløa, gardfloren, torvhuset og – ikkje minst kjøleskåpet utan stikkontakt – jordkjellaren. Som journalist har Røyrane blant anna jobba i Bergens Tidende i 25 år. Ho har gitt ut ei rekkje bøker om norske byggjetradisjonar, blant desse «Norges låver», «Klyngetunet», «Av stein» og i oktober 2020; «Vestlandshus».