Os Senioruniversitet: Hans Bjørn Bakketeig om sitt arbeid i Moldova

Os Senioruniversitet: Hans Bjørn Bakketeig om sitt arbeid i Moldova

Os Senioruniversitet: Hans Bjørn Bakketeig: «Om sitt arbeid i Moldova gjennom 20 år».

Hans Bjørn er ein av Os-bygdas store søner, og spesialist på optometri frå Kongsberg ingeniørhøgskule. Han har jobba i meir enn 25 år med blinde og synshemma både i Os og på hjelpemiddelsentralen i Hordaland. Etter eit opphald i Polen i 1995 fatta han særskild interesse for humanitært utviklingsarbeid i land som ikkje har det så bra som oss i Noreg. Hans innsats fall på Moldova og hans fyrste tur dit var i 2001. Hans Bjørn har vorte heidra med fleire utmerkingar for sitt viktige arbeid i Moldova. Han vart utnemnd til Riddar av 1. klasse i 2017, og fekk same år oppretta optometri-utdanning ved Universitetet i Chisinau.

Hans Bjørn har ofra mykje av sitt vaksne liv for å jobbe blant barn og ungdom som helsearbeidar i Moldova. Republikken Moldova har 3,6 millionar innbyggjarar og ligg mellom Romania og Ukraina, nord for Svartehavet.

Føredrag kl. 11.00–12.00
Årsmøte kl. 12:15-13:00