Os Senioruniversitet: Ravneberghaugen 122 år med rehabilitering

Os Senioruniversitet: Ravneberghaugen 122 år med rehabilitering

Ranveig Klingsheim vil ta for seg Ravneberghaugen frå starten av i 1899 og utviklingea fram til i dag. Ein vil sjå på den historiske utviklinga i synet på sjukdom, helbreidd og behandling innafor rehabiliteringsfeltet, og korleis den avspeiler utviklinga i samfunnet i denne tidsperioden i Noreg. Ravneberghaugen var ein pionerinstitusjon i 1899, den einaste i sitt slag i Noreg, og førelesinga vil visa at intensjonen og verdigrunnlaget er levande den dag i dag.

Ranveig Klingsheim er dagleg leiar på Ravneberghaugen og ho har vore i stillinga sidan 2010. Ranveig er utdannat sjukepleiar, samfunnsvitar, pedagog og rettleiar. Ho er opprinneleg frå Askøy men har budd i Os siden 1987. Ho har allsidig praksis som sjukepleiar, lærar og som leiar innafor eldreomsorg og rehabilitering.

Friluftsliv er den store fritidsinteressa hennar, og ho har eit brennande engasjement for miljøvern og for at vi skal ta vare på naturressursane for dei komande generasjonar.