Os Senioruniversitet: Tap av sjølbestemmelse, framtidsfullmakt og arv

Os Senioruniversitet: Tap av sjølbestemmelse, framtidsfullmakt og arv

Alle skal ein gang døy. Både arvtakar og dei pårørande vert stilte overfor ei rekkje spørsmål om kva som skal skje med eigedelar og forpliktingar når livet er over. Arveretten er difor særs viktig, og er eit av svært få rettsområde som alle menneske er garantert å treffe på. Arveretten skal førebyggje og løyse konfliktar. I ein overgangsfase i livet, kan ei framtidsfullmakt vere god å ha! I ei framtidsfullmakt skriv du kva du ønskjer skal skje med deg og din økonomi dersom du får ein endra kvardag, til dømes etter ei ulukke eller eit slag, eller ved demenssjukdom, eller du vert åleine. I eit slikt dokument sikrar du interessene dine når du ikkje lenger kan gjera det sjølv.
Thomas Eeg er professor ved juridisk fakultet, Universitetet i Bergen. Han er ein mykje brukt forelesar, og ekspert på arverett. Han har og vore med som ekspert i NRK-serien «Ukjent arving».