Pippi feirer jul

Pippi feirer jul

Knallsuksessen frå Chat Noir i Oslo legg ut på ein etterlengta Norgesturné!

Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusemynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller ganske enkelt Pippi, er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feire jula aleine?

Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Men Pippi vil ikkje på nokon barneheim. Ho kjenner seg slett ikkje einsam. Ho har jo både Herr Nilsson, apen sin, og Lille Gubben, hesten, og sanneleg har det ikkje flytta inn ein ny liten ven i veggen hennar.

Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøve å stjele litt julepenger og det er alltid morosamt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må jo feire jula heime, men dei vil gjerne vere saman med Pippi òg. Kanskje dei har ein plan?

Ein ting er sikkert: Det hender både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feirer jul.

Regi: Bjørn Sæter | Scenografi: Per Olav Austdahl | Kostymer: Marianne Forsberg | Musikalsk arr: Arve Furset/Marius Podolski | Produsent: Victoria Productions AS

—-

Varigheit: Om lag 60 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no