
Seminar: Kunst og folk i Bjørnafjorden – ein samtale om kunst i offentlige rom
Lat oss snakke om kunsten! 19. september inviterer Bjørnafjorden kommune inviterer alle interesserte til ein samtale om kunst i offentleg rom.
Kva rolle har kunsten i kvardagen vår, og kva kan kunsten vere for innbyggarane i tider som kjem? Korleis kan vi jobbe for demokrati og mangfald av uttrykk? Kva rører seg på kunstfeltet i regionen vår – og heilt lokalt?
Bjørnafjorden kommune er godt i gang med å utarbeide ein sektorplan for kultur. Kommunen har søkt og fått midlar til kompetanseheving på kulturfeltet, og vi har derfor gleda av å invitere alle interesserte til seminar om kunst i offentleg rom.
Velkommen til Vargasalen i Oseana fredag 19. september!
Program
Klokka 09:00–14:00, Oseana kunst- og kultursenter, Vargasalen
Det blir kaffi og mingling frå klokka 9, seminaret startar 9.30.
- Velkomen ved Erik Vangnes, kultursjef Bjørnafjorden kommune
- Om kunst og samfunn ved Petra Rahm, biletkunstnar og fagansvarleg for kunst i offentleg rom ved Hordaland kunstsenter. Rahm snakkar om kunsten og kunstnarane sine roller og muligheiter i (lokal)samfunnet.
- Kunst som ressurs ved Randi Nygård, biletkunstnar
- Veien til Suling ved Gry Buer, kulturskulerektor Solund kommune
- Os internasjonale skulptursymposium ved Arne Mæland, biletkunstnar
- Innlegg ved Astrid Drageset, biletkunstar
- Kjære Nabo ved Daniela Ramos Arias og Petra Rahm, kuratorar for Hordaland Kunstsenter sitt program med prosjekt i nabolag på Nordnes der innbyggarar og frivillige lag deltar
- Stemmer i stein – kunsten til Bergen inkluderingsenter ved konsulent Espen Johansen, stipendiat Kunst i offentleg rom
- Panelsamtale: Kva er viktig når kommunen skal jobbe fram retninsgliner for kunst i offentleg rom?
Meir informasjon og påmelding
Seminaret er gratis og ope for alle. Det blir servert ein enkel lunsj, derfor må du melde deg på i forkant.
Klikk her for meir informasjon om programmet og påmelding.
Bilete: Suvi Nieminen sin skulptur Undine kom på plass i rundkøyringa på Osøyro i 1995, etter mykje debatt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden