
Utstilling: Willibald Storn
Willibald Storn har i meir enn 60 år skapt kunst som kritiserer og stiller spørsmål. No stiller han ut på Oseana kunst- og kultursenter.
Willibald Storn (f.1936, Austerrike) er ein norsk kunstnar og grafikar. Sjølv om han no nærmar seg 90 år, jobbar han framleis kvar dag med å skape kunst som kritiserer og stiller spørsmål ved vedtekne sanningar i samfunnet.
Storn debuterte på Haustutstillinga i 1963 og hadde si første separatutstilling i Oslo Kunstforeining i 1965. Han er representert i dei fremste offentlege og private samlingane i landet. Han har òg hatt fleire utsmykkingsoppdrag, blant anna på barneavdelinga på Rikshospitalet og Høyenhall stasjon.

I 1969/1970 starta han kunstnargruppa Gras saman med Per Kleiva, Morten Krogh og Anders Kjær. Gras arbeidde med popkunst, prega av politisk engasjement. Storn si utstilling i UKS i 1969, COCA-Donald samfunn ikkje ta meg, blir rekna som eit av dei første installasjonsarbeida i Noreg og var eit tidleg oppgjer med forbrukarsamfunnet.
I Storns kunst er samfunnsmessig og politisk engasjement kopla med livsglede og stor empati for det å vere annleis. Uttrykket spenner frå leikne, satiriske, groteske og ekspresjonistiske måleri (som likevel ikkje klarer å skjule den virtuose streken hans), til minimalistiske one-linerar, med klare popart-referansar.
I utstillinga på Oseana kan du oppleve både nye og eldre arbeid. Storn lagar kunst i mange format – og utstillinga viser både installasjon, måleri og trykk.

Utstillingsperiode: 17. september – 26. oktober
Ordinære opningstider er onsdag–søndag kl. 12:00–16:00. Billett kr 50/100 kjøper du i resepsjonen.
Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!
Hovudbilete (øverst): Willibald Storn i sitt ateliér i Oslo. Foto: Sigurd Fandango
