Historiene bak historien – Arvid Pettersen
Utstillingsopning laurdag 28. august kl. 14.00
Kl 14.30 Kunstnarsamtale
Arvid Pettersen, som er autodidakt innan måleri, har gjennom eit over femti år langt kunstnarskap fått ein posisjon som evig aktuell i norsk kunstliv. Pettersen bevegar seg også lett mellom måleriet og andre sjangrar som grafikk, skulptur, installasjon og collage.
Samfunnskritikken har hatt ein markant plass i Pettersens kunstnarliv, og mennesket sine inngrep i og rovdrift på naturen har gått som ein raud tråd gjennom val av motiv. Verkemidla har vore sterke og til dels uortodokse. Gjennom grep som å snitta opp lerreta eller måla på utradisjonelle flater, som sardinboksar og tønnelok, har han parallelt med aktivismen stendig stilt spørsmål ved måleriet og måleritradisjonen.
Den abstrakte og ekspresjonistiske Pettersen eksisterer side om side med den figurative målaren, men han har alltid ein fot innanfor, eller eit blikk på, den fysiske røynda. Eit grundig blikk, litt skråstilt kanskje, som skil detaljar over heilskap, stemningar framfor direkte etterlikning.
Utstillinga ”Historiene bak historien” i Galleri Hvelvet overlappar Pettersen si til dels retrospektive utstilling ”Til Skue” i KODE, Bergen. I Galleri Hvelvet presenterer Pettersen nye måleri. Opplever vi begge utstillingane, møter vi ein kunstnar som rører seg mellom konfrontasjon og kontemplasjon, og der det i den formale breidda og dei tidvis sprikande uttrykka finst ein eigen, indre harmoni.
Arvid Pettersen (f. 1943) er målar og grafikar, utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole, og har vore professor ved Statens kunstakademi i Oslo og rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han har sidan 60-talet vore ei aktiv og markant stemme i norsk kunstliv, og har ei rekkje utstillingar i inn- og utlandet bak seg. Arbeida hans er blant anna innkjøpte av Nasjonalmuseet, Moderna Museet i Stockholm, Museet for samtidskunst og Astrup Fearnley Collection. Dette er første gong han stiller ut på på Oseana.
Utstillinga er støtta av Bildende kunstneres hjelpefond.