Tabula Rasa syng i Breakout Room

Tabula Rasa syng i Breakout Room

Konsert i Hvelvet 9. mai mellom kl. 13.00 og kl. 16.00.

Dokumentasjon fra konserten.

Få med deg Vokalensemblet Tabula Rasas tolking av utstillinga «Breakout Room».
På utstillingas siste dag, vil Linda Øgaards installasjonar vera gjenstand for vokale krumspring frå ensemblet.
Tabula Rasa brukar ofte improvisasjon som arbeidsmetode, og dei ønsker å formidla eksperimentell musikk, òg til menneske som ikkje kjenner sjangeren så godt frå før. Dei utfordrar gjerne konsertformatet, tar i bruk teatralske verkemiddel og arbeider med ulike typar fremvisninger. I «Breakout Room» har dei valt å sjå på dei ulike arbeida som grafiske partitur, og dei 5 songarane som er med har fokusert på kvart sitt verk. Slik dei ulike verka jobbar saman i rommet, vil òg songarane vera i interaksjon med kvarandre både fysisk og musikalsk.

Gjennomføring og smittevern:

Som publikummar er du velkommen på det tidspunktet du måtte velja i den 3 timar lange perioden songarane opptrer i rommet. Vertskapet til Oseana vil sørga for godt smittevern og sleppa publikum inn i utstillingsrommet i mindre grupper på inntil 7 personar om gangen. Songarane vi òg synga på skift. Noko venting må påregnes.
Utstillinga har elles ordinær opningstid søndag kl. 12:00 -18:00