
Sommarutstilling: IDYLL
Velkommen til Grieg Kunstsamling og årests store sommarutstilling: IDYLL

Utstillinga strekkjer seg frå tidleg 1800-tal og fram til i dag, med eit spenn frå Hans Gude til Apichaya Wanthiang. Mange av verka skildrar ein kvardag prega av ro, nærleik og tid – der livet kan framstå som enkelt, og dagane lange.
Publikum kan få lov til å legge bekymringane til side og oppleve kunst som løftar blikket og minner oss på at idyll finst i våre felles opplevingar – anten det er natur, fest eller kvardag.
Kva betyr idyll for deg?
Gjennom kunsthistoria har kunstnarar prøvd å fange denne tilstanden på ulikt vis – det vakre, rolige og harmoniske. Men idyll er ikkje alltid så enkel som han ser ut.
I utstillinga IDYLL møtest det vakre og det sårbare. Klassiske landskap og stemningsfulle motiv står side om side med samtidskunst som utfordrar førestellinga om det idylliske. Slik opnar vi eit rom for refleksjon: Kva er idyll – og for kven?
Du får oppleve samtidskunst av mellom andre Nathalia Edenmont, Tyra Tingleff, Mariko Mori, Sarah Sze, Elin Melberg og Apichaya Wanthiang.
Desse blir stilte i dialog med klassiske verk av Christian Skredsvig, Hans Gude, J.C. Dahl, Theodor Kittelsen, Nikolai Astrup, Erik Werenskiold og Peder Balke.
Vi viser òg eit nyinnkjøpt praktverk av Hans Dahl – for første gong offentleg.
Praktisk informasjon:
- Opningstider: Onsdag–søndag kl. 12:00–16:00
- Billettar: Barn / student / honnør: 50 kr | Vaksen: 100 kr
- Servering: Nyt mat og drikke hos Oseana Kafé
- Parkering: Gratis parkering (inntil 9 timar) rett utanfor
- Varigheit: IDYLL står frå 29. april til 31. august
- Omvisning: Kvar søndag kl. 13:00 kan du bli med på omvising i utstillinga
___
Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!
Les meir om Grieg Kunstsamling og kunsten på Oseana her.

