Nøkkelen til min verden

I år er det fjerde gongen Oseana samarbeidar med Bergen kulturskole om utstilling, denne gongen med arbeid av elevår fra visuelle kunstfag ved kulturskulane i Bergen og Bjørnafjorden.

Nøkkelen vris om, dørene vert opna og du kan tre inn i ei verd av fargar, former, strek, leik og fantasi. I ei vanskeleg tid der kulturopplevingar nesten har blitt borte grunna Koronapandemien, er det ekstra stas at Bjørnafjorden kulturskule og Bergen kulturskole inviterer til utstilling. Nærare 280 elevar frå visuelle kunstfag viser sine arbeid i det praktfulle utstillingslokalet Griegsamlingen. Publikum kan oppleve eit mangfald av kunstneriske uttrykk innan skulptur, grafikk, teikning, maling, dokumentarfilm, installajon, animasjon og keramikk. 

Ei utstilling presentert med humor og alvor, snert og dybde, ferdighet og talent slik berre barn og unge kan!