SJØLVBERGING – 200 år i norske landskap

SJØLVBERGING – 200 år i norske landskap

UTSTILLINGA OPNAR 27. APRIL KL. 14.00

Utstillinga ser på den norske landskapskunsten som eit uttrykk for potensialet i den norske naturen og ønsket om å overleva i eit landskap som stiller høge krav til dei som vil gjere bruk av den. Ein ting prospekta til Dreier og Flintoe, måleria til Maiken Stene og overlevings-spel har til felles, er at dei viser oss dette potensialet. Naturen er ikkje berre ein stad der menneske finn ro og rekreasjon, men også eit utgangspunkt for kraft, ressursar og utvikling. Ein stad mennesker bygger opp og river ned. Vi er ikkje berre observatørar, men aktive deltakarar, som tar tak og formar naturen etter våre behov. Dei siste 200 åra har kunstnara ikkje berre dokumentert utviklinga, som i Kitty Kiellands torvmyrbilete, eller vist oss raseringa av urskogen, som hos August Cappelen. Mange har óg vore aktive deltagarar, enten dei har dreve egen gard, som Skredsvig og Astrup, eller teke del i industriell utvikling gjennom eige entrepenørskap.

Saman med eit utval verk frå Grieg Kunstsamling, viser utstillinga kunst av samtidige kunstnarar og kulturprodusentar som har naturen som utgangspunkt.

Marina Abramović, Anders Askevold, Nikolai Astrup, Peder Balke, Per Barclay, Thomas Fearnley, Johannes Flintoe, Hans Gude, Jens Hauge, Thore Heramb, Catharine Hermine Kølle, Marianne Heske, Lauritz Haaland, Robert Jacobsen, Frits Thaulow, Marit Tingleff, Bernt Tunold, Nikolai Ulfsten, Knud Baade, Erik Werenskiold, Erik Bodom, Knud Bull, Miranda Bødtker, Apichaya Wanthiang, Finn Christensen, Aurora Solberg, Eilif Peterssen, Arvid Pettersen, Sigmund Lystrup, Andreas Rocha, Anna-Eva Bergman, Knud Bergslien, Esther Maria Bjørneboe, Mathias Blumenthal, Lul Krag, Christian Krohg, Xan Krohn, Carl Larsson, Bruno Liljefors, Rina Lindgren, JC Dahl, Bente V Dankertsen, JFL Dreier, JF Eckersberg, Ludvig Eikaas, Silje Ensby, Carl Oscar Schelbred, Franz Wilhelm Schiertz, Christian Skredsvig, Frithjof Smith-Hald, Victor Sparre, Adelsteen Normann, Olav Strømme, Øyvind Sørfjordmo, Marie Tannæs, Erik Harry Johannessen, Lars Jorde, Irma Salo Jæger, Haakon Kaulum, Annette Kierulf, Henrik Lund, Bea Rittun, Morten Müller, Astrid Nondal, Maiken Stene, Asta Nørregaard