nodeimage

Klovnen Koko

Dato

31.oktober

Tidspunkt

16:00

Pris

Ord. 150,-

Klovnen Koko

Klovnen Koko er ein flørtete og danseglad klovn som gjerne vil imponere med sine fantastiske kunstar. Dette går ikkje heilt etter planen, men så lenge publikum ler, er Koko nøgd. Showet varierer høgt og lavt mellom klassisk og ikkje fullt så klassisk klovning, bisarre påfunn, ballongar, musikk, fakirstunt og ei høg grad av publikumsinvolvering. Inspirert av gamle slapstickheltar som Buster Keaton og Chaplin, inviterer Koko til tre lattermilde kvarter der alt kan skje.

 

Tobias Vik har turnert denne framsyninga sidan nittitalet, med over 1200 forestillingar på samvittigheita. Den har turnert over det ganske land, men også blitt vist mellom anna i Danmark, Spania, Bulgaria og Taiwan. Blir levert med lattergaranti.

 

Varer ca 45 min.

Passar for born frå 3 år

 

Skodespelar: Tobias Vik

Regi: Lars Vik (Fritjof Fomlesen)

Kostyme: Vigdis Nordgaarden

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00