Linda Soh Trengereid – Destinasjon : Ekvator

Linda Soh Trengereid – Destinasjon : Ekvator

Linda Soh Trengereid er tilbake som utstillar i Hvelvet. Førre gong Linda stilte ut i Hvelvet, fekk vi gleda av å sjå «Hamskifte», som var ein del av utstillingsserien «Imagined Homelands». Denne gongen viser ho utstillinga «Destinasjon: Ekvator».
Linda seier dette om prosjektet sitt: 
Gjennom menneskets behov for å kartlegge verden rundt oss, fra globuser med sine skiftende landegrenser til Google Earths virkelighetsskildringer, sett gjennom ulike menneskers kameralinser og satellittbilder, portretteres en verden hvor det konstante, det variable, det naturlige og det menneskeskapte møtes. Verden som vi ser den blir en fiktiv virkelighet.
29 år gamle Trengereid er utdanna frå Kunsthøyskolen i Bergen, og arbeider hovudsakleg med måleri, installasjon, skulptur og teikning. I kunstuttrykkjet sitt forskar ho på tema som kulturell og stadsspesifikk tilhøyring, migrasjon, identitet, evna mennesket har til å tilpasse seg, eller framandgjering i forhold til miljø, omgjevnadar og kultur. Linda jobbar som regel med figurativt måleri, teikning og installasjon, og ho hentar ofte inspirasjon frå sin eigen historie som utanlandsadoptert frå Sør- Korea. Til denne utstillinga har ho fått støtte frå Norsk Kulturråd.
Utstillinga opnar laurdag 12. oktober kl. 14.00. Det vil bli enkel servering og musikalsk innslag.
Utstillinga står i perioden 12. oktober til 10. november.