Oseana kafé
Oseana kafé
I tillegg til kunst og kultur byr Oseana også på ein flott kafé. Her kan du nyte eit måltid medan du har panoramautsikt over Bjørnafjorden og vakre, snødekte Folgefonna i horisonten. Kaféen held per dags dato stengt, men gjenopnar 17. september med ny drivar/leverandør.
Drivar har sidan 2013 vore Bergen Restaurantkantine AS. Desse avslutta drifta 31. august. Frå september 2025 er det inngått avtale med ny drivar: Det Gode Selskap i samarbeid med Jannike og Arild Hatland.
Gjenopning 17. september
Kaféen held stengt i ein liten overgangsperiode, men opnar igjen 17. september kl. 12:00, og vil deretter halde ope i kulturhusets ordinære opningstider og i forkant av kulturarrangement på huset.
Informasjon om kaféen sin meny etc vil kome.
Ordinære opningstider kafé
Gjeld frå 17. september:
- Mandag og tysdag: stengt
- Onsdag– søndag: 12:00–16:00
Vi ønskar deg hjarteleg velkommen!
Anna servering på huset
Ønsker du å bestille mat til selskap og konferansar på huset, bestiller du dette hos Det Gode Selskap. Kontakt: post@detgodeselskap.no
Det vil òg etterkvart bli mogleg å bestille eit varmt måltid i forkant av kulturarrangement på ettermiddag/kveld, som du kan nyte i kaféen. Meir informasjon kjem.