Halvdan Sivertsen 71 år

Halvdan Sivertsen 71 år

Ein hyllest til livet, kjærleiken og saftig nordnorsk humor!

Halvdan Sivertsen starta 2020 med å fylle 70 år! Dette blei feira med brask og bram i Oslo Spektrum med 7000 publikummarar, KORK og eit utval av Noregs framste artistar. Halvdan skulle fortsette jubileumsåret med bursdagskonsertar gjennom hausten 2020, men slik gjekk det, som vi alle veit, ikkje.
Jubileumsturnéen er difor sett opp på nytt i 2021, og vi feirar Halvdan Sivertsens 71-årsdag og hans mangfaldige karriere, med same entusiasme som vi var klare for i 2020!
Karrieren til Halvdan spenn over meir enn 50 år, frå den spede starten i Bodøs pop- og rockmiljø på 60-talet, via visebølgja på 70-talet, til å bli ein av landets mest populære artistar dei siste 30 åra.
I tillegg til å gje ut ei rekkje prisbeløna album og vere ein fjerdedel av tidenes største norske supergruppe, Gitarkameratene, har musikken til Halvdan blitt brukt i både film og teater. Dessutan vil Halvdan, for en heil generasjon nordmenn, alltid hugsas som «faren» til Labbetuss.
Halvdan Sivertsen er eit av dei varmaste og morosamste menneska i norsk offentlegheit, og etter eit halvt århundre som artist, har han fortsatt mykje på hjartet. Han er framleis oppteken av den stakkars kloden vår, og brenn fortsatt for kjærleiken, vennskapet og dei som treng oss.
Vi garanterer ein kveld med hits og klassiske låtar, med kort vei mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skråblikk på oss sjølv, samfunnet rundt oss og tida vi lever i, og med dei mjuke balladane og dei fengjande refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.
Ver med å feire ein ekte heidersmann!