Kino: Croods – En ny tid

Kino: Croods – En ny tid

Den prehistoriske familien Croods har forlat hòla si, og lagt ut på ei ferd for å finna ein ny heim. På reisa si finn dei eit paradis som dei ønsker å busetja seg i, men her bur allereie familien Bedremann. Familien Bedremann meiner sjølv at dei er mykje betre og meir evolverte enn familien Croods. Historia tar ei vending, då dei finn ut at Ipp og Bedremanns dotter har stikket av saman på eit farleg eventyr. Familiane må no stå saman, og hjelpa kvarandre å finna barna igjen.


Regi: Joel Crawford
Språk: Norsk
Produksjonsår: 2020
Skodespelarar: Bjørn E. Aasland, Håvard Bakke, Tomine Harket, Anders Bye, Marte Stokstad, Ulrikke Brandstorp
Sjanger: Animasjon
Nasjonalitet: USA
Lengde: 1 time 35 min
Aldersgrense: 6 år

Filmen inneheld nokre nifse skikkelsar og enkelte truande situasjonar. Då dette skjer innanfor eit humoristisk fantasiunivers får filmen aldersgrense 6 år



Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231.