Christina Dahl Trio

Christina Dahl Trio

Simon Toldam, piano/keys, Peter Bruun, drums/perc & Christina Dahl, saxofon/komposition.

Det er med stor glede vi tek imot desse prisbeløna musikarane frå Danmark.

I dette musikalske møtet får vi eit unikt utrykk i samklang av tre dynamiske og kreative musikarar. Dahl Toldam Bruun Trio består av tre musikarar med stor personlegdom, som ikkje er redde for å eksperimentere med det musikalske uttrykket. Dei spelte inn si første plate hausten 2021.

Christina Dahl har spelt og komponert for større og mindre ensemble, ikkje minst Athelas ensemble og Ålborg symfoniorkester, før ho etablerte seg som plateartist under eige namn utover på 2000-talet.
Til Oseana kjem Dahl med ein ny trio beståande av pianisten Simon Toldam, kjend frå mellom anna Han Bennink trio, og trommeslagar Peter Bruun, som ein gjerne hugsar frå Django Bates Belovèd og hans eige band All too human.

Musikken spenner frå det lyriske til det intense og fargerike, ei djup ro kvilande over ein kaotisk villskap. Alt ligg til rette for ein deilig dansk kveld i februarmørket!