Kino: Clifford – Den store røde hunden

Kino: Clifford – Den store røde hunden

Ei ung jentes kjærleik for den lille kvalpen Clifford, får hunden til å vekse seg heilt enormt stor!

Emily slit med å passe inn på skulen. Ho finn lykka i ein liten raud hundekvalp, som umiddelbart ønskjer å bli hennar beste ven. Hunden får namnet Clifford, men er ingen vanleg hund. Han sluttar ikkje å vekse, og plutseleg har Emily ansvaret for ein gigantisk raud hund! Etter kvart som Clifford tiltrekk seg rikeleg med merksemd grunna sin utradisjonelle størrelse, blir grådige forskarar interessert i å utnytte Cliffords genar. Plutseleg må Emily kjempe for å redde sin beste ven, samstundes som bandet dei imellom blir sterkare.

Basert på dei populære barnebøkene om Clifford, den store raude hunden.

Premiere: 10.12.2021
Originaltittel: Clifford the Big Red Dog
Skodespelarar: Darby Champ, John Cleese, Jack Whitehall, Tony Hale,
Norske stemmer: Mathea Tofteng, Sigbjørn Solheim, Harald Mæle, Kingsford Siayor, Eldar Vågan, Theo Hancke Uller
Sjanger: Eventyr / Animasjon / Komedie
Regi: Walt Becker
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: 6 år
Enkelte dramatiske scener gjør at denne filmen får aldersgrense 6 år.
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: United International Pictures

Filmen varer 1 t. 36 min.