Kino: Rutete Ninja 2

Kino: Rutete Ninja 2

Animasjonsfilmen «Rutete Ninja 2» er ei fortsetjing av Anders Matthesens publikumssuksess «Rutete Ninja».

I det forbrytaren Philip Eberfrø blir sett fri frå fengsel i Thailand, må Asgeir og hans Rutete Ninja finne ein måte å fange han på, før han slepp unna.

Difor reiser Asgeir, Ninjadokka og heile familien til Thailand. Der ventar Onkel Stewart og eit stort eventyr. På heimefronten kjempar Asgeir samstundes med forholdet til Jessica, som visar seg å heller vere på utkikk etter ein «Bad boy».

Premiere: 13.05.2022
Originaltittel: Ternet Ninja 2
Norske stemmer: Jon Sindre Fjellvang, Martin Beyer-Olsen, Christian Mikkelsen, Fridtjof Josefsen, Tobias Santelmann
Sjanger: Animasjon / Komedie
Nasjonalitet: Danmark

Aldersgrense: 12 år
Denne filmen inneheld grov og seksualisert språkbruk og har enkelte skremmande scenar, karakterar og valdselement. Filmen får difor aldersgrense 12 år.

Språk: norsk
Distributør: Nordisk Film Distribusjon

Filmen varer 1t. og 26 min.