Festkveld for og i Oseana

Festkveld for og i Oseana

Velkomen til jubileumsfeiring i Oseana
laurdag 22. oktober.

Bli med oss på ein storslått kveld med variert program, lett og laust i snippen.
Dei som losar oss gjennom kvelden er Heine Bugge saman med stjernekamp-vinnar Bjørn Tomren. Dei har både aleine og saman stått på scena i Oseana ved fleire høve. Verdskjende Leif Ove Andsnes gler oss med vakre klassiske klaverstykke. Blant dei lokale artistane møter du mellom andre Eirik Søfteland, Marius Neset, To Vitse Menn, dansarar frå Bjørnafjorden kulturskule og frå Varga Dansekompani. Tilslørte Bondepiker syng jubileet inn.

Det er opne barar med sal av forfriskingar både før og etter framsyninga og DJ Dottir speler til dans ut i dei små timar. Sal av smårettar i restauranten.

Treng du meir informasjon, kontakt oss på 917 50 231