Kunst og demens – Tilrettelagd omvising

Kunst og demens – Tilrettelagd omvising

Romantikk, myter og fantasi (2) sett gjennom nokre verk i utstillinga Sølvpust.

Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen førehandskunnskapar, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syt for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi tek oss tid med kaffi og ein hyggeleg prat. Påmelding til evelyn@oseana.no seinast onsdag 31. mai. Avgrensa plassar.

Christian Skredsvig: Prinsessen.