Hans Dahl (1849 – 1937)

Hans Dahl (fødd 19. februar 1849 i Hardanger, død 27. juli 1937 i Balestrand) var ein norsk malar kjent for landskapsbilda sine, særleg frå vestlandsnaturen.

Hans Dahl var fødd i Granvin, Hardanger i 1849. Han var gift med Helene Bewer (1862-1927). Hans Dahl tok offiserseksamen i 1871 og tenestegjorde i den Bergenske Brigade fram til 1874 då han byrja som mel. I tida på krigsskulen gjekk han i lære hos mellom anna Johan Fredrik Eckersberg og Knud Bergslien. Han studerte òg i Karlsruhe og Düsseldorf. Der hadde han mellom anna Hans Gude, Edward von Gebhardt og Wilhelm Sohn som lærarar. I 1892 kjøpte Hans Dahl eigedom i Balestrand, men han var busett i Berlin fram til 1919. Dette året flytte han til Balestrand for godt. I 1902 fekk Dahl St. Olavs Orden, riddar av 1. klasse. Dahl er kjent for å mala den vakre vestlandsnaturen, og ofte plasserte han vakre, lyshåra jenter i nasjonaldrakter i bilda sine. Den tyske keisaren var årleg sommargjest i Balestrand heilt fram til 1. verdskrig, han likte både Dahl og arbeida hans. Heimen til Dahl vart på mange måtar òg keisaren sin heim når han besøkte Balestrand. Dahl var keisaren sin venn, og dessutan rådgivar då Wilhelm starta arbeidet med statuane i Balestrand og på Vangsnes. I hagen til Dahl var det kvar sommar hageball. Då var Dahl vert og keisaren æresgjest. Dahl hadde kontakt med keisar Wilhelm II livet ut, og Dahl stod høgt i kurs både hos Wilhelm I og Wilhelm II. Wilhelm II kjøpte mange måleri av Dahl. I 1910 utnemnde Wilhelm II Hans Dahl til kongeleg prøyssisk professor i kunstmaling.

Den 19. februar 1919 vart Hans Dahl 70 år. Då feira han med stort selskap i villaen sin. Sigurd Kvikne var ein av gjestene og sa i talen sin at Hans Dahl hadde gjort Noreg kjent i utlandet, og at Balestrand skylde Hans Dahl stor takk for at det hadde komme så mange gjester til bygda. I den tida Dahl var i Balestrand reiste han mykje rundt i distriktet. Han var både i fjellet og i fjordane på utkikk etter motiv. Hans Dahl døydde i Balestrand og er gravlagd på kyrkjegarden ved Tjugum kyrkje.