Adam Douglas med band

Better Angels Tour

Adam Douglas er som heimstaden Oklahoma; ein smeltedigel av ulike sjangrar og med impulsar utanfrå. Når Adam i år dreg ut på turné, tek han med seg det nye albumet, skreddarsydd for konsert, med strålande og solid band som krona på verket.

Adam Douglas sitt nye album «Better Angels» utforskar amerikansk roots-musikk kryssa med blandingar av både soul, rock’n roll, blues, country, rhythm’ and blues og jazz.

Med både nye og gamle låtar kan publikum vente seg eit liveshow heilt utan sidestykke. Det blir Adam Douglas i kjend stil, og som eit fyrverkeri på scena! Konsertane i denne turneén har til no fått strålande tilbakemeldingar, og folk melder om elektrisk stemning.