Ny datoAVLYST/NY DATO 2023! SVANESJØEN – Den russiske nasjonalballett

AVLYST/NY DATO 2023! SVANESJØEN – Den russiske nasjonalballett

DENNE FRAMSYNINGA VIL BLI UTSETT TIL 2023. NY DATO BLIR AVKLART I LØPET AV JANUAR, OG ALLE SOM HAR KJØPT BILLETT VIL DÅ BLI KONTAKTA.

Den russiske nasjonalballetten frå Moskva med prima ballerina Ludmila Titova

I 2023 kjem det verdskjende og kritikarroste ensemblet tilbake til Oseana med si fantastiske oppsetting av Svanesjøen. Dette er klassisk ballett på sitt beste til dei kjende tonane av Tsjajkovskijs karakteristiske og uforgløymelege musikk. Sist dei vitja Oseana, vart framsyninga utseld.

Ei eventyrleg handling, vakre kostymar, fengslande musikk og dans, leveret av dyktige ballettdansarar frå Russland. Dette er Svanesjøen, slik vi elskar han.

Med musikken til Svanesjøen begeistra Tsjajkovskij i 1877 både ballettpublikum og dei klassiske musikkelskarane. Russisk ballett, og framfor alt Svanesjøen, kjenneteiknast av å la kjenslene kome til uttrykk utan å la eit enkelt ord, trinn eller tone gå til spele. I denne klassiske iscenesettinga blir musikk og dans i felleskap eit språk som alle forstår.

Den Russiske Nasjonalballetten frå Moskva har hatt stor internasjonal suksess. Med over 30 dansarar på scena er dette ei vakker oppsetting av Svanesjøen, slik den opphaveleg var tenkt. Ei oppsetting som har sikra balletten sin popularitet 140 år etter premiera i Moskva.

Bak kompaniet står tidlegare Bolsjoj-dansar Sergei Radchenko saman med Elena Radchenko - også ho solist frå Bolsjoj og fra Kirov, kor Svanesjøen opprinneleg stammar frå.

Stjernedansar Ludmila Titova, udanna frå Bolsjoj, har rolla som Odette/Odile, den kvite og den svarte svana.

Sagt om framsyninga:

«Ballett på høyeste nivå … En perfekt og gripende forestilling!»
(Frankfurter Allgemeine)

"Sjarmerende! Med skjønnhet! Eleganse! Gripende for unge og voksne – med ett ord:
fortryllende.»
(Neue Zürcher Zeitung)

Varer 2 timar og 30 minutt inkludert pause.