Bernhoft med band

Bernhoft med band

Ståande publikum, ingen sitjeplassar

Om albumet «Dancing On My Knees», seier Bernhoft sjølv at det er det mest personlege han har laga. Tittelen passar så bra fordi han kjenner at han alltid er på veg, ned eller opp, med discokula til topps. Tekstane sirklar rundt hans evinnelege tvil på alt, inkludert eigen verdi.

Under skriving og innspeling har han gått meir fandenivoldsk opent til verks enn tidlegare. Han har jobba med låtskrivarar og produsentar som Skinny Days, Kristian Flatmate Vik, Alex Pavelich, Carl-Victor Guttormsen og – sin faste makkar over fleire år – Bjarne Stensli. Dei har dytta han ut av komfortsonen, og resultatet kallar han ei øving i å stå utstilt, ikkje berre naken, men flådd. Innspelingsmessig er han tilbake til nokre av arbeidsmetodane frå Solidarity Breaks, ved at han (med nokre heiderlege unntak), spelar alle instrumenta sjølv. «Put Your Mojo On» er ein peptalk til seg sjølv. Mannen som syng «Clearly Confused» skjønar ikkje heilt kvifor han fortener kjærleiken han mottek, medan «All My Loving» og «Say It Isn’t So» er prega av frykta for å bli forlatt. På «Pretty Baby Love» er hjarta vridd opp og tørka inn. Med låta «Call Out Kids», inspirert av sønane, har han lyst til å bånne bakken. På knea!

I oktober tar Bernhoft med seg bandet sitt og drar på turne i Noreg. Etter ei lang rekkje solokonsertar gjennom det siste året, ser han fram til å skru opp lyden og presentere det nye materialet ispedd mange gamle hits. Etter det, er det vidare ut i Europa på turne i november