Bestevenner – Av og med Teater Avvik
Tøddel og Tilde har slutta i det store orkesteret. Men kva gjer vel det? Begge ser ut til å trivast som omreisande artistar. Så fort dei finn eit passande publikum, set dei i gong. Med seg har dei ei handfull strengeinstrument, ei solid dose speleglede, og eit arabisk sagn om vennskap. Kva er ein ekte venn, og korleis reparerer ein eit vennskap som har gått i tusen knas?"Ei framsyning av ringreven Lars Vik /Fritjof Fomlesen, med splitter nye "få på hjernen sangen" av Guttorm Guttormsen. På scenen står bestevennene Henrik Bøe Larsen og Tobias Vik, som har ledd og arbeida saman i 20 år.
Saman spelar dei i to forskjellige barneframsyningar, hjelper kvarandre med ulike produksjonar, og turnerer land og strand rundt.
Varer: Ca 40 min
Passar for born frå 3 år
Engelsk / english
The two comrades Tøddel and Tilde quit the big orchestra in favour of touring the country, looking for a suitable audience. With an old adventure, a couple of small instruments and a big desire to tell their story, they invite you to 40 minutes of music and storytelling.
What is a friend? What is friendship! And how do you fix a broken one?
Direction by Lars Vik, brand new songs from composer Guttorm Guttormsen.
On stage: Tobias Vik/ Henrik Bøe Larsen (who spent the last 20 years touring and laughing together).