Bjarte Tjøstheim: Det går betre no
Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein innerst inne er engsteleg av natur?Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste.
Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminnet bekrefta den indre frykta for kva livet kan føre med seg av farar og utfordringar.
I soloframsyninga «Det går betre no», visar Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historiar frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstru er håpet at englar skal kome for å redde han når livet er på sitt allar mørkaste. Englar med vinger, eller berre med kvit frakk.
Den største frykta er likevel å bli gal, og at psykiateren skal sei at han er klin kokos. Men då Bjarte først blei innlagd, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.
Sagt om framsyninga
«Med humoren i bakhånd utleverer Bjarte Tjøstheim sin angst med et hjerte som er både åpent og varmt»
VG
«Nær og sår teaterforestilling om livets store utfordringer.»
Dagsavisen
«I en blanding av tragikomiske situasjoner og kloke refleksjoner klarer Bjarte Tjøstheim å si noe viktig om hvordan det er å leve med angst.»
Vårt Land
Varer ca 60 min (ingen pause)