Bjørn Eidsvåg med band

Bjørn Eidsvåg med band

Bjørn Eidsvåg med band inntar Os


I haust skal Bjørn gjere det han likar aller best, nemleg legge ut på turné og besøke landets krikar og krokar. Med seg til Os har han sitt framifrå band og ein rikhaldig katalog med kjende og kjære låtar.


Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelt teaterframsyninga Etterlyst: Jesus på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gongar, stått på atskillege festivalscenar, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Noregsturné saman med Sigvart Dagsland. I haust besøker han Os og Oseana for å spele konsert.


«Jeg og bandet ser stort frem til å innta Oseana. I disse tider er det ekstra fint å møte publikum. Gamle låter skal pusses opp og kjente sanger skal spilles som de er. Blir moro!», forteller Eidsvåg.


Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrive ei rekke udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som sangar og historiefortellar, noko som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn og bandet er ei oppleving som eignar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.