Bjørn Tomren – EKSTRA!

90 minutter du aldri får igjen

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg, som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og si eineståande formidlingsevne, har Tomren på kort tid rokke å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene».

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjend frå den notoriske jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som blant annet har varmet opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg selv «Kunsten å jodle». I 2019 ga Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldende kritikker. Avisen Bergens Tidende karakteriserte platen som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren selv kaller det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus.

Som ein av landets mest allsidige musikarar, strekk Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk. Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og har verdsrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.

Han kan også sjå tilbake på ei kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul».

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen kor Tomren gjer seg bemerka. Han har vunne prisen som «Best Act of The Year» på legendariske Joe’s Pub i New York, og i 2017 deltok han på verdsmeisterskapet i strupesong i Tuva, der han vann ein bronsehest.