UtseldBjørnafjorden demenskor

Bjørnafjorden demenskor

Velkommen til debutkonsert med Bjørnafjorden demenskor!

Bjørnafjorden demenskor starta opp 18.april, og etter berre 8 øvingar er dei klare for å presentere ein minikonsert med eit variert repertoar av kjente og kjære songar.

Vi ønskjer deg velkommen til ein liten time med høg allsangfaktor og god stemning, der du kan oppleve musikken si magiske kraft - kor godt song gjer for hovud, kropp, sjel og humør!

Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til sjukepleiar Hege Varhaug-Lekven, demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit og Anne-Siv Skåthun Berge.