Bjørnafjorden demenskor

Bjørnafjorden demenskor

Velkomen til konsert med Bjørnafjorden demenskor!

Bjørnafjorden demenskor starta opp april 2023, og har fortsett denne hausten med 17 songarar frå heile kommunen som treffast til øving kvar tysdag i foajéen på Oseana kunst-og kultursenter.

Vi ønskjer deg velkomen til ein liten time med høg allsongfaktor og god stemning, der du kan oppleve musikken si magiske kraft - kor godt song gjer for hovud, kropp, sjel og humør!

Vi har fokus på glede og meistringskjensle, vi har eit variert repertoar av kjente og kjære songar - og vi syng med den stemma vi har!

Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinatorane Sølvi Bjørnevoll Fagertveit og Anne-Siv Skåthun Berge, og Bjørnafjorden demensforening.