Blues på norsk – med Regnbyen Blues Band

Blues på norsk – med Regnbyen Blues Band

Velkomen til ein kveld med blues og roots på norsk! Den siste tida har konsertane med Regnbyen Blues Band på Bjørgvin Bluesklubb og Grandpa`s Garage gitt strålande gode kritikkar og vore spelte for utselde hus.

Bandet Regnbyen såg dagens ljos i 2018. Bandet har sidan skifta både namn, medlemmar, lydbilete og ikkje minst musikalsk uttrykk. Etter nokre rundar med diverse innspelingar, corona, små og store konsertar blir bandet i dag rekna som eit bluesband, derav namnet Regnbyen Blues Band.

Tekst og musikk er signert Terje Birkeland, tekstane blir skrevne og framført på dialekt og er ein stor del av bandet sin identitet.

Regnbyen består i dag av:
Komponist, tekstforfattar og multiinstrumentalist Terje Birkeland på hovedvokal, akustisk gitar, Hammondorgel og piano.
Bass og vokal ved Torgeir Flagtvedt.
Diverse gitarar og vokal ved Asbjørn Heldal
På trommer har vi svært dyktige Valentin Vasilev Donev.

Neste innspeling frå Regnbyen blir ei rein bluesplate. “Vestlandsblues” blir det nye slagordet og albumet har arbeidstittelen “Endelig blå”. Albumet spelast inn i bandet sitt eige studio og vil bli gitt ut på bandet sitt plateselskap TBM Records Norge.

Bandet speler 2 sett á 45 min.
Pause med muligheit for påfyll frå baren midt i.