Camp David 40 år – Jubileumsfest

Camp David 40 år – Jubileumsfest

Det er mange som har gode minne etter ein svingom på dansegolvet når Camp David har spelt opp til dans. Bandet frå Os har underholdt på mange scenar rundt om i både Bjørnafjorden og andre kommunar.

I år feirar bandet 40 år og inviterer til jublieumsfest! Det blir ein uformell festkveld der bandet feirar seg sjølv, dansegolvet blir rydda og det blir musikk som inviterer både til dans og allsong. Bandet lovar også besøk av tidlegare bandmedlemmar som vil entre scena i løpet av kvelden

Vi ønsker alle velkomen til å dele denne kvelden med oss!