Circus Absence

Halsbrekkjande og morosam sirkusframsyning for heile familien!

Velkomen til ei heilt spesiell og spinnvill sirkusoppleving på Oseana! Absence Crew
har teke små og store publikummarar med storm, med sine energifylde og underhaldande
breakeshow. No har dei slått seg saman med koreograf Jo Strømgren, som er kjend verda
over for sine oppfinnsame og ofte komiske danseframsyningar.
Møt dei tussete klovnane, dei siamesiske tvillingane, den mystiske magikaren og dama med
skjegg – og bli med å ta rotta på den sleipe direktøren og hans assistent, gorillaen.

Circus Absence er historia om eit suksessrikt sirkus som tar pusten frå publikum. I skuggen
av dei fantastiske artistane står ein fattig ryddegut med ein stor draum om å få bli med i
manesjen. Når det viser seg at den griske direktøren er ein stor svindlar, er det nettopp
ryddeguten som tar affære - og det blir eit spektakulært oppgjer!


Absence Crew er kåra til norgesmestre i breaking og er kjend frå Norske Talenter og Mitt
Dansecrew på TV2. Dei har produsert ei rekke kritikarroste og populære teaterframstillingar
kor breaking står i sentrum. Dei har også medverka i fleire av DNS’ familieframsyningar dei
siste åra.

Anbefalt: frå 5 år
Varer ca 1 time

Sagt om framsyninga:

«Avslutningsnummeret! Det er rett og slett fantastisk!» Elin Reisæter, Barn i byen

«I denne forestillingen får Absence Crew virkelig vist at en kan lage et stort kunstverk med utgangspunkt i breakdance…» Maja Sievers Skanding, Periskop


Medverkande:

Av og med Absence | Regi: Jo Strømgren | Kostymedesign: Linn Therese Michelsen |
Maskedesign: Mette Noodt | Lysdesign: Einar Bjarkø | Lyddesign: Bjarte Våge | Foto: Jarle
Moe/Andreas Roksvåg | Dramaturg: Morten Kjerstad