Countrykonsert – Med Berit Håpoldøy, Erlend Styve og Lars Hammersland

Countrykonsert – Med Berit Håpoldøy, Erlend Styve og Lars Hammersland

Songar Berit Håpoldøy har saman med musikar og songar Erlend Styve, og pianisten Lars Hammersland satt saman eit rikhaldig repertoar av gode, gamle country-klassikarar. Her får ein servert låtar frå artistar som Dolly Parton, Elvis Presley, Buck Owens og Jim Reeves mfl.

Gjenkjenningsfaktoren er høg, og det blir gjenhøyr og artige historiar om countrylåtar frå 50-, 60- og 70-talet.

Er du glad i å trampe takta og nynne med, er dette kvelden for deg.

Varer 2 x 45 min.