UTSETT – NY DATO KJEM : Damer i blues – duo

UTSETT – NY DATO KJEM : Damer i blues – duo

Rita Engedalen & Margit Bakken «Damer i Blues» har spelt saman i tjue år. Duoen har gjennom åra etablert seg som eit sterkt namn på blues-himmelen. Damer i Blues er opptekne av å formidle bodskapen om bluesdamene som i sin tid både skreiv, spelte og song låtar, men som måtte kjempe for å kunne formidle dette ut til folket. Her kjem dei med låtar frå nokre av kvinnene som har markert seg sterkt innafor blues, folk, soul, gospel og hillcountryblues. Til dømes Janis Joplin, Big Mama Thornton, Billie Holiday og ikkje minst Kristin Berglund.

Grunna dødsfall i nære relasjonar, må denne konserten dessverre bli utsett. Vi leitar etter ny dato, og vil publisera den så snart vi veit meir.