Dark Side Of The Wall – the Nordic Floyd Show

Opplev Noregs beste Pink Floyd-tributeband, Dark Side of the Wall! Andre tributeband gjer sitt beste for å kopiere heltane, medan nokon allereie har oppnådd nirvana: Å bli godkjend av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus i 20 år.

Turnéene i 2019-2020 samla fulle hus og fekk fantastisk respons frå publikum. Bergens Tidende trilla femmar og syntes det var «Storslagent og imponerende på alle måter», og «...en imponerende forestilling som absolutt tilhører det aller ypperste i sitt slag.»

Bandets livslange kjærleik til Pink Floyds musikk blei til ei rå energibombe frå første øving av. Sidan den gong har Helge Nyheim (vokal/trommer), Bjarte Aasmul (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal) og Dag Øivind Rebnord (tangentar/visual fx) utvikla konseptet til ei storslått, dagsaktuell og gripande multimedieframsyning. Dei har samarbeida med gjesteartistar som Ian Ritchie (UK, Roger Waters band), Sharon Gaynor (IRL, Breathe), Tine Taule m.fl.

Få med deg eit magisk og spektakulært lyd/lys/video/laser-show, som tak pusten frå alle Pink Floyd-elskarar. Dark Side of the Wall, The Nordic Floyd Show.