Før NM-konsert

Før NM-konsert

Os Musikkforening skal også i år delta i NM for janitsjarkorps, og stiller i 1. divisjon i Trondheim. Som ein generalprøve har vi gleda av å invitere til ein korpskonsert der vi framfører konkurranseprogrammet i Oseana 20. mars.

Nytt i år er at Os Musikkforening har fått spesialskrive eit eige verk av komponisten Simon Dobson. Verket, som har fått namnet Neuro, med sine 3 satsar, handlar om hjernen og korleis Serotonin, Dopamin og Adrenalin påverkar humør og åtferd. Dette stykket kan du no få høyra urframført før korpset set kursen mot noregsmeisterskapet i år.

Med oss som gjestar har vi våre vener i Alvøens Musikkforening. Dei stiller i konkurranse med oss i 1. divisjon og vil framføra sitt program. Det er kjekt at dei vil koma til Os for ein siste generalprøve før meisterskapet.

Det er og veldig kjekt at Os Skulekorps blir med oss på konserten. Dei øver til Hordablæsten, ein konkurranse for skulekorps. Så her får du med deg heile tre generalprøvar.

Velkommen til konsert!