FRAMTID – Fagdag

FRAMTID – Fagdag

FRAMTID – frå ord til handling

Framtida er her

Er du også heilt grøn? Nokon kvar kan bli forvirra når det kjem til berekraft, kjeldesortering og miljømerking. Kva tyder det eigentleg for deg og di bedrift? Er du ein av dei som vil vite meir om kva som skjer med det grøne skiftet i Bjørnafjorden og resten av Vestland? Er du klar til å gå frå ord til handling, og møta miljøkrava som er like om hjørnet?

Gå ikkje glipp av dei spanande klimadagane FRAMTID på Oseana fredag 3. og laurdag 4. september. Vi set fokus på sirkulærøkonomi med avfallshandtering og teknologi som stikkord.

Fredag 3. september er fagdag, og vi byr på spanande gjestar og føredragshaldarar:

Håkon Opdal er ikkje berre keepar på Brann, han er også berekraftsansvarleg i Apriil og kan myjke om grønvasking og tillit til miljømerke. Mette Nygård Havre jobbar i Fjordkraft, men er kanskje mest kjend for å gjere avfallsreduksjon til ein livsstil. Eva Skjold frå BIR brenn for sirkulærokonomi og alle dei fantastiske moglegheitane som handlar om gjenbruk. Kan vi gere matavfall til fiskefor? Alexander Solstad Ringheim frå Invertapro fortel.

Dette er berre nokre av gjstane denne dagen. Det kjem også representantar frå transportbransjen, bank, politikk og næringsliv. Kjem du?

Konferansier Ove Sjøstrøm

10:45-11:00 Oppmøte /registrering

11:00-11:05 Opning
Fylkesvaraordførar Natalia Golis og Ove Sjøstrøm

11:05-11:20 Vestland fylke går foran!
Visste du at Vestland er verdsleiande på grøn mobilitet? Fylkeskommunen blei nyleg tildelt den prestisjetunge internasjonale prisen E-Visionary Award under ein konfernase i Kina. Her får du vite alt om tiltaka som vekkjer begeistring internasjonalt, kva dette betyr for deg, og kva for støtteordningar fylket lyser ut for å få fart på det grøne skiftet.
Sølve Sondbø, seksjonsleiar Grøn vekst, klima og energi i Vestland fylkeskommune.

11:25-11:40 Økonomi og regelverk
Klimarisikomodell for deg som næringskunde ved Fana Sparebank. Kva får EU sitt nye regelverk å seie for di bedrift?
Fana Sparebank fortel om bankens overordna mål og ambisjon om berekraft, og vil gje eit innblikk i korleis dei er i ferd med å involvere sine næringskundar direkte i dette arbeidet.
Bedriftsrådgjevar Simon G.M.Teweldemedhin og Karianne Landa, Fana Sparebank

11:40-11:55 Innlegg frå BKK

12:00-13:00 Lunsj i restauranten

13:05-13:20 Avfallsreduksjon til livsstil
Mette Nygård Havre, Fjordkraft / spisoppmaten.no

13:25-13:40 Sirkulærokonomi i praksis
Eva Skjold, BIR

13:40-13:55 Fra matavfall til fiskefor
Alexander Solstad Ringheim, Invertapro

13:55-14:05 Pause

14:05-14:20 Byggebransjen - Regelverk og utfordringar – whats in it for me?
Anders Brekke frå innovasjonsklynga Proptech informerer om utviklinga i bygg- og anleggsbransjen.

14:20-14:35 Paneldebatt: Sirkulærtankegang i byggebransjen
Toralf Igesund, forsknings- og utviklingssjef i BIR / Sturla Hjelmevik, Entra / Svein Egil Dagsland, Norsk Riving. Vi utfordrar dei om sirkulærøkonomi i praksis.

14:40-14:55 Grønvasking og tillit til miljømerke
Samtale mellom Håkon Opdal og Ove Sjøstrøm..Håkon Opdal er ikkje berre keepar i Brann, men er også ein del av kommunikasjonsmiljøet Apriil. Han har eit brennande engasjement for berekraft!

Avslutning ved konferansier Ove Sjøstrøm

Larvar og øl? «Afterwork» i restauranten
Er vi heldige kan vi prøvesmake larvane frå Invertapro!

SAMARBEIDSPARTNARAR
Prosjektet er eit samarbeid med Bjørnafjorden næringsråd og Klimapartnere Vestland, og vart utvikla gjennom prosjektet Grøn Bjørnafjord i regi Bjørnafjorden kommune.