Få bill.Franske klassikere – Vinkurs med Ingvild Tennfjord

Franske klassikere – Vinkurs med Ingvild Tennfjord

Frankrike ragar som ein gigant i vinverda. Dei har skapt ikoniske vinstilar som har inspirert ei heil verd. Men korleis finne fram i mangfaldet? Kva for nokre vinstilar bør ein kjenne til? Ingvild Tennfjord er på saka.

På dette vinkurset viser ho deg fem vinstilar ho meiner alle bør kjenne til. Ho hjelper deg med å finne leietrådane og kjenne meir mestring i møtet med dette kraftsenteret innan vin.

Vi smakar fem vinar. Passar både nybyrjarar og vidarekomne.

Varigheit: om lag 90 minutt.

Arrangementet har 18 års aldersgrense.

OBS! Bordoppsett under arrangementet kan avvike frå bordoppsettet i salkartet.

Rullestolplass kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Foto: Kristoffer Myhre. 

————

Spesialtilbod: Treretters middag etter vinsmakinga

OBS! Frist for bestilling av middag er no gått ut!  

I samband med vinkurset tilbyr vi ein treretters meny frå Det Gode Selskap, som du kan nyte etter vinsmakinga er ferdig. Menyen er spesielt komponert for denne kvelden, med vinar frå vismakinga. 

  • Jordskokksuppe med kamskjell
  • Urtemarinert lammecarré med rødvinssaus
  • Sjokoladefondant med vaniljeis smakt til med mynte

Vinar: Romaine Revert Sancerre 2024 og Ch. Coufran 2010

Pris: kr 1495 (tre rettar + vin)

Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet vårt. Du kan anten bestille mat samtidig som du kjøper billettar til arrangementet, eller etterbestille mat seinare. 

Bordønske, allergiar o.l.: Ønskar du å sitte ved same bord som nokon i ei anna bestilling? Vil du informere om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan bestillingsfrista.

OBS! Frist for bestilling var onsdag 12. november kl. 11.00.