
Fredrik Græsvik: Skadeskutt. Et liv som krigsreporter.
Bli med på eit underhaldande og gripande foredrag om nokre av dei mest toneangivande hendingane dei siste 30 åra og mannen som formidla dei heim!
I tretti år har Fredrik Græsvik rapportert frå krigar, konfliktar, katastrofar og store politiske drama. Som TV2s mangeårige utanrikskorrespondent klarte han aldri å si nei til nye, spanande oppdrag. Så rant det over.
Fredrik Græsvik sa aldri nei når sjefane ba ham reise ut, anten det var til krigar i Afrika, til Afghanistan eller Midtøsten, eller til USA då Donald Trump vart president i 2017. Etter 25 år i krigssoner verda over og fem år som USA-korrespondent, innsåg han at det var blitt for mykje. Til slutt gav han klår beskjed om at han hadde fått nok. Han ville ha tilbake nattesøvnen og finne vegen tilbake til eit «normalt» liv.
I dette foredraget får vi følge ei ekstraordinær karriere gjennom ei verd i stor endring frå Sovjetunionens fall og den kalde krigens slutt fram til ei uroleg tid med storkrig i Europa og demokrati si undergang.
___
Servering: Gjer kvelden komplett med ein god
middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram
til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill
bord på www.oseanakafe.no
Varigheit: Ca 1 time
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i
resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar
er gratis.
Foto: Per Heimly