Frida Ånnevik – MIN PLASS

Frida Ånnevik – MIN PLASS

Synlige hjerteslag og andre sanger

Hausten 2020 feira Frida Ånnevik 10 år som artist, utøvande musikar og låtskrivar. Det er blitt fem eigne plater, mange konsertar, fine samarbeid og uventa svingar. I år har ho lyst til å dvele litt ved starten, og ta publikum med seg tilbake til start.

I haust tek Frida med seg sine faste musikarar Andreas Stensland Løwe (tangentar) og Haldor Røyne (gitar) på turné rundt i landet. Saman tek dei publikum med inn i ei verd med sterk musikalsk nerve, og framfører låtar frå debutalbumet «Synlige hjerteslag» og andre songar – både frå plata med same namn, og Fridas andre utgjevingar.

Albumet «Andre sanger» blei gitt ut i 2019 og blei overaust med terningkast fem landet rundt, pluss lista på både NRK P3 og NRK P1. «Andre sanger» er eit plateprosjekt som har blitt til over fleire år. Albumet består av 10 songar som betyr mykje for Frida, der ho har gjendikta eit vidt spenn av artistar og låtskrivarar som Joni Mitchell, Spice Girls, Astrid S, og Janis Ian. Med denne utgjevinga styrkja Frida nok ein gong sin posisjon som ei av landets beste tekstforfattarar, og mottok sin fjerde Spellemannpris i 2020 i kategorien «Viser».

I det rare pandemi-året 2020 blei alt snudd litt på hovudet. Midt i dette fann Frida saman med kollega Chris Holsten, og dei laga ein norsk versjon av verdshiten «If The World Was Ending» (JP Sax / Julia Michaels). På norsk blei den «Hvis verden», og teksten traff ei djup nerve hos publikum i alle aldre, der vi sat land og strand rundt med heimeundervisning, heimekontor, utan klemmar, lite sosial omgang og kjente at verda raste litt saman. Låta er hittil strøyma meir enn 16 millionar gongar, og i februar blei «Hvis verden» kåra til Årets låt på Spellemannprisen.

Varer ca 90 min