
Fugleterapi – Teiknekurs med Katrin Berge
I teiknekurset «Fugleterapi» fordjupar vi oss i fuglane si fantastiske verd gjennom teikning.
Eit langbord blir dekka på med tørka botanikk, utstoppa fuglar, flotte fuglebøker med foto og teikningar, samt profesjonelt teikneutstyr. Vi har avslappande bakgrunnsmusikk med fuglekvitter, kaffi/te og enkel snacks.
Alle deltakarar får god individuell veiledning på teikning. Kurset krever ingen
forkunnskap, alle kan delta uansett kva nivå dei ligg på teikneteknisk. Sjølv om kurset har fuglar som tema, er poenget å lære grunnleggjande teikning.
Kunstnar og kursleiar Katrin Berge er svært glad i fuglar og brukar dei mykje i sin kunstnarskap. Å teikne og snakke om fuglar er verkeleg terapi, og i dette kurset får ein både terapi og ny kunnskap om både fuglar og teikning.
Ein må vere interessert i enten fuglar eller teikning for
å delta, og gjerne begge delar for å få mest muleg ut av kurset. Kanskje dette
kurset kan vere ei julegåve til nokon som er glad i fuglar og/eller teikning?
Varigheit: 4t
Kursavgifta inkluderar. teiknesaker og lett servering.
Kurset passar for vaksne frå 18 år.
Obs: Kun 8 plassar!
Om kursleiar:
Katrin Berge er ein 42 år gammel kunstnar utdanna frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (KMD) med ein mastergrad i Visuell kommunikasjon og illustrasjon. Katrin kjem opprinnelig frå Fosnavåg i Herøy, men har vore fast busett i Bergen sidan 2004. Berge jobbar med blyantteikning og lagar naturalistiske og detaljerte teikningar av dyr og natur.